Kva er situasjonen for kvinner i Iran i dag? Gjennom media har me fått følgje utviklinga i Iran etter at Mahsa Amini døde i moralpolitiet si varetekt i midten av september i fjor. Det har vore demonstrasjonar i gatene og i følgje menneskeretts organisasjonar har fleire hundre blitt drepne som følgje av demonstrasjonane.
Onsdag 1. februar kl. 18.00 får me besøk av Maria Azar og Awa Rahimpour som i samtale med Jane Jünger vil fortelja deira historie frå landet dei vaks opp i. Awa sitt i mottak på Stord, og ventar på svar på si klage etter at hennar asylsøknad vart avslått. Hennar situasjon har skapt stort engasjement, og gruppa Awa United vart danna. Dette er ei gruppe som jobbar for at Awa og 22 andre iranske kvinner skal få hjelp til å få opphald i Noreg. Maria er godt etablert på Bømlo men har framleis familie i Iran. Ho har tatt initiativ til å få i gang ein lokal Amnesty avdeling her, så Amnesty vil også delta denne kvelden og vil mellom anna fortelje om deira arbeid i Iran. Me håper mange vil delta denne kvelden for å få eit djupare innblikk i situasjonen i Iran. Arrangementet er gratis.
På Bømlo i vinterferien? Tysdag 28.februar kl 12.00 er me så heldige å få besøk av Klovnen Knut saman med den nesten levande bajas-sjimpansen Tom Tuba i framsyninga «Apestreker». Kom til biblioteket for ein magisk, musikalsk, merkverdig og underhaldande framsyning. Arrangementet er gratis, men maks 3 billettar pr bestilling, og bestill billettar på: bomlokulturhus.no. Velkommen!
Velkommen til hyggeleg bokprat i vår filial i Moster Amfi kvar tysdag kl 12.00. Biblioteksjef Astrid har med seg anbefalingar i ulike sjangrar.
Frå tysdag 17. januar held Bømlo Sjakklubb trening i biblioteket annankvar tysdag. Treninga er delt opp i juniorgruppe (3.-10. klasse) frå kl 17.30-19.00 og seniorgruppe kl 18.00-20.00. Sjå sjakklubben si facebookside for påmelding og informasjon om arrangementet. Her finn du og kontaktinformasjon til klubben om du har spørsmål.
Annankvar onsdag inviterer me barnehagar til Lesestund i barneavdelinga vår. Her blir barna kjend med ulike bøker og historier som vert formidla av oss.
Kvar onsdag frå 18. januar vert det Språkkafé i biblioteket kl 13.30-15.00. Me ynskjer å skapa ein god møteplass for dei som ynskjer norsk språktrening og bli kjend med nye folk. Kom for hyggelege og uformelle samtalar saman med frivillige språkvertar over ein kopp kaffe eller te. Språkaféen er eit gratis og opent arrangement. Velkommen!
Every Wednesday from January 18th at 13.30-1500, there will be a Language Café in the library at Bømlo kulturhus. We want to create a good meeting place for those who want Norwegian language training and who want to get to know and meet new people. Come for an informal conversation with the volunteer language hosts and have a cup of coffee or tea. The Language Café is a free and open event. Welcome!
Er du glad i å spela sjakk? Kvar torsdag frå 12. januar fortsett me med opne sjakkveldar i biblioteket, og i år vert tidspunktet kl 17.30-20.00. Me sett ut sjakkbrett så kan du komma og spela i lag med andre interesserte, uansett alder og språk. Her får du moglegheit til å treffe andre entusiastar og ein arena til dyrke hobbyen din. Desse kveldane kjem i tillegg til Bømlo Sjakklubb sitt tilbod. Arrangementet er gratis. Velkommen til sjakkspeling i biblioteket.
Følg oss på facebook for jamlege oppdateringar og siste nytt!
Besøk bomlokulturhus.no for oversikt over alle hendingar i kulturhuset.