Kvinner og felleskap. Ein møtestad for kvinner
Har du lyst til å bli kjent med nye menneske, få nye vennskap og vere ein del av eit godt fellesskap?
Onsdag 8. oktober kl. 18-20 inviterer Kvinner og fellesskap, ei undergruppe av 8. mars initiativet Bømlo, til ein møtestad for kvinner her i biblioteket. Dei startar opp ei ny gruppe for kvinner der dei ønskjer at ein kan:
- bli kjent og bygge nye vennskap
- skape nye opplevingar og aktivitetar i lag
- støtte, inspirere og heie på kvarandre
- skape ein trygg og inkluderande møtestad
- motverke einsemd og utanforskap
Alle kvinner er velkomne – uansett alder, bakgrunn og livssituasjon. Kom som du er, me håper å sjå deg. Velkommen!
