Bli lånar

1. Lånerett

Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved Bømlo folkebibliotek.

2. Lånekort

Alle som har begynt på skulen kan få lånekort. Yngre lånarar må få låna på dei føresette sitt lånekort, med desse sitt samtykkje. Biblioteket kan krevja legitimasjon når lånekortet vert skrive ut. Tap av lånekort, endring av namn, adresse, epost og telefonnummer må meldast til biblioteket.

3. Lånetid

Normal lånetid er 4 veker. Når lånetiden er utløpt må bøkene returnerast til biblioteket.

4. Reservering

Lånaren kan få reservert dokument som er utlånt.

5. Lån frå andre bibliotek

Biblioteket prøver å låne inn bøker frå andre bibliotek dersom boka ikkje finst hjå oss.

6. Varsel/purringar

Biblioteket sender ut 3 varsel på bøker som ikkje er levert attende til rett tid. Biblioteket krev purregebyr på kr 20,- kr 40,- og 60,- . Det 4. varselet er rekning for tapt materiale.

7. Skada eller tapt materiale

Lånaren er ansvarleg for dokumenta som er lånt på biblioteket og pliktar å betala vederlag dersom dokumenta vert skada eller tapt på anna vis.

8. Tap av lånerett

Lånaren mistar retten til å låna dersom han/ho mottek rekning og denne ikkje er betalt.

9. Utlånsreglement

Ved å motta lånekort pliktar lånaren å rette seg etter dei reglane som gjeld for bruk av biblioteket.

Utlånsreglementet gjeld for alle einingar av Bømlo folkebibliotek