Digitale tenester

Her finn du oversikt over ulike digitale tenester som biblioteket tilbyr. Ta gjerne kontakt om du treng hjelp!

Oversiktsbilete over Mosterhamn. Foto

Bilete frå Bømlo

Søk i biletbasen til Bømlo kommune. Her finn du mellom anna bilete frå Sam Olsen si samling og Fjellanger Widerøe sine flyfoto.

Hillestveit skule. Foto.

Bilete frå Sunnhordland

Søk i biletbasar frå heile landet.

Bilete av Bømlo bygdebok

Bømlo bygdebok

Her finn du bygdebøkene frå Bømlo via Nasjonalbiblioteket sine sider.

Ein mobiltelefon med open BookBites-app. Foto.

BookBites

BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Filmbib-banner

Filmbib

Alle med nasjonalt lånekort kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib. Du loggar deg inn med lånenummer og tilhøyrande PIN-kode.

Ta kontakt med biblioteket om du manglar kort eller pinkode.

Filmoteket-banner

Filmoteket

Bømlo folkebibliotek tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Stikk innom oss om du manglar lånekort.

PressReader-banner

PressReader

Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Her får du tilgang til meir enn 7500 aviser/tidsskrift på meir enn 60 språk.

Skjermdump frå landingssida til Nettbiblioteket, på https://www.nb.no/search.

Nettbiblioteket

I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete.

Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Ein vaksen og eit barn som deler ei leseoppleving på skjerm. Foto.

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Tenesta er gratis, og du opprettar sjølv ein brukar med e-postadresse og passord.

Verdensbiblioteket er gratis å bruke og ope for alle som besøker sida frå ei norsk IP-adresse.