Bilete av bokomslag

Evighetsspillet

Forfattar:
Hanne Gjerde Buch
Illustratør:
Jenny Synnøve Naustan
Lån boka

14 år gamle Kian har programmert favoritt dataspelet sitt i lag med mor si. Men mora døyr, og sint og frustrert orkar han ikkje spela lenger, Brått får Kian ei mystisk melding: ” Til Kian. Jeg er i spillverdenen vi to skapte sammen. Kan du komme hit og besøke meg? Jeg vil så gjerne se deg igjen. Og vær så snill å ta med deg en av de magiske hakkene. Hilsen Leonora”. Det er frå mamma!

Her får du ei blanding av fantasy og realisme, med tema sorg, sakn og forsoning. Du får vera med inn i Evighetsspillet, som er ei blanding av favorittspela til Kian, og du kjem heil sikkert til å kjenne deg att!

Ein illustrert roman for mellom- og ungdomstrinnet.

Omtalen er skrive av Ingrid på Bømlo folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips