Bilete av plakat til Temakveld om arv

Temakveld: Arv

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Arv og arveoppgjer er eit tema som før eller sidan vert aktuelt for oss alle. I nokre tilfelle kan dette skape utfordrande situasjonar i  familien.

Onsdag 26. mars kl. 18 kjem jurist June Stavland for å fortelje om arvereglar, korleis ein opprettar eit testament, i kva situasjonar det er aktuelt å skrive testament og tips til å unngå arvekonfliktar.

June har si utdanning ved Universitetet i Bergen, med master i rettsvitskap. Deretter jobba ho som advokatfullmektig og advokat i Bergen, fram til ho flytta heim og starta som juridisk seniorrådgjevar i Bømlo kommune i 2021.

Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett på førehand på bomlokulturhus.no

Velkommen til biblioteket.