Bilete for skriveverkstad

Skriveverkstad

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Skriveverkstad 16. oktober og 20. november hos Bømlo folkebibliotek.

Har du lyst å skriva, men strevar med å koma i gang på grunn av skrivesperre eller alle slags distraksjonar? Då er du velkomen til ein skriveverkstad med lave skuldrer.Målet er at vi saman skal vi finna fram til det vi har i skuffen. Vi skal inspirera kvarandre til å utvikla ein dagleg skrivepraksis, der prosessen er viktigare enn målet. Ein praksis der vi legg vekk den indre kritikaren og forløyser kreativiteten som er inni oss.

Kva får du?

  • innsikt i og utforsking av ulike skrivestartarar og verktøy som gjer at skrivinga kan flyta lettare.
  • læra korleis du kan bruka dine eigne kjensler og sansar når du skriv.
  • kjennskap til korleis du kan overvinna skrivesperra, komma i gang og rydda unna distraksjonar.

Vi legg til rette for ei analog skrivestund, utan digitale distraksjonar.

Kursleiar er Solveig Johanne Grønstøl frå Rubbestadneset. Ho har skrive fire bøker – mellom anna tre diktbøker. Med sin lærarbakgrunn og kursleiarerfaring, samt vidareutdanning i skriveopplæring, legg Solveig vekt på å skapa eit trygt og inspirerande rom der ein kan utforska eigne skriveprosessar og tekstar.

Stad: Bliarommet, Bømlo folkebibliotek, hovudbiblioteket.

Tid: Del 1: torsdag 16.oktober, kl 18-21. Del 2: torsdag 20. november, kl 18-20

Målgruppe: Vaksne

Påmelding innan 10. oktober til oystein.kausrud@bomlo.kommune.no

Maks 12 deltakarar