Skrivestove
Etter skriveverkstaden med Solveig Johanne Grønstøl i fjor haust, kom det fram eit ynskje om å starte ei skrivestove i biblioteket – ein uformell møteplass der vi kan skrive saman, dele tekstar og inspirere kvarandre. I januar startar vi!
Korleis fungerer det?
- Deltakarane styrer sjølve opplegget.
- Du kan bruke metodar frå verkstaden med Solveig eller andre teknikkar du likar.
- Vi legg fram bøker med ulike skriveopplegg som du kan hente inspirasjon frå. + kaffi sjølvsagt.
Når møtast vi?
- Siste torsdag i månaden, kl. 18.00–20.00 i biblioteket. (29.01 – 26.02 – 26.03 – 30.04 – 28.05)
Målet er å skape eit levande miljø for skriving – og kanskje få til fleire spanande arrangement saman etter kvart!
Spørsmål og påmelding gjerast til bibliotek@bomlo.kommune.no.
Velkommen!
