
PoesiPreik – Ein inspirerande kveld om det skrivne ordet
Er du fascinert av det skrivne ordet? Har du lyst å setje ord på tankane dine, men veit ikkje heilt korleis du kjem i gang?
Anten du er ein erfaren skrivar eller berre nysgjerrig på poesiens verden, inviterer vi deg til PoesiPreik, ein uformell og inspirerande kveld der vi saman utforskar poesi, kreativitetens kraft og skriveglede.
Kva du kan vente deg
- Prat mellom to skrivande menneske.
- Innsikt i kreative skriveprosessar.
- Delta i ein spennande samtale.
- Opplesing av vakre dikt.
- Sal av signerte bøker.
Gjester
Bente Hovland Bergtun er kjent for sine poetiske underfundige skråblikk. Ho delar dikta sine på Instagram under namnet @skribente, og gav ut si første bok «Der du er» i fjor. I haust vert boka trykt opp i nytt opplag.
Solveig Johanne Grønstøl kjem i desse dagar ut med si fjerde bok. Allsidig og aktiv som ho er, formidlar ho orda sine på ulikt vis, i sine kanalar på sosiale medium og no også på radioen. Signaturen hennar er det sanselege, det vare, gjerne med naturen som bakteppe eller ramme.
Saman med bibliotekets eigen Øystein Kausrud, samtalar dei rundt ulike sider ved skrive- og poesilivet.
Arrangementet er gratis og er opnet for alle interesserte, med og utan skriveerfaring.
For meir informasjon- ta kontakt med biblioteket.
Du er varmt velkomen!