Bilete av plakat med Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset – Gjensyn

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Fredag 27.10 får me besøk av den folkekjære programskaperen Oddgeir Bruaset, godt kjend frå programserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Med bakgrunn i den siste boka hans «Gjensyn»,  fortel han om menneska som har vald å leva eit annleis liv, og me får høyra om korleis det har gått med «utkantfolket» på dei ulike stadane han har laga program i frå. Arrangementet vil haldast i Litlesalen i Bømlo kulturhus. Det er gratis, men ein må ta ut billett på kulturhuset eller på bomlokulturhus.no. Velkommen!