
Musikkterapi og demens
Ny temakveld i biblioteket. Bømlo folkebibliotek inviterer til samtale med musikkterapeut og musikar Guri Gjermstad Dypvik onsdag 27. september kl 17.30 i hovudbiblioteket med temaet Musikkterapi og demens.
Demenskoret på NRK satt fokus på korleis musikk kan brukast i samband med demens. Dette har me lyst til å høyre meir om i samtale med musikkterapeut og musikar Guri Gjermstad Dypvik. I Øygarden kommune er ho tilsett som nettopp musikkterapeut i eldreomsorga. Me får høyre om mellom anna kva musikkterapi er, korleis det vert nytta i samband med demens og om prosjektet «Musikalske pusterom», ein konsert Dypvik har saman med musikkterapeut-kollega Camilla Hay. Dei vil halde denne konserten på Trivselshuset på Svortland kl 12.00 same dag.
Velkommen til oss for ein viktig og opplysande samtale.
Arrangementet er gratis.
Desse to arrangementa er vert heldt i samband med den internasjonale Alzheimer dagen som er den 21. september.