Livs siste sjanse
Tysdag 21. mars kl 18.00 får me besøk av Liv Marie Skaare Baden, kjend frå podkasten på NRK «Livs siste sjanse», som kom hausten 2022. Her fortel ho om hennar lengsel etter å bli mor, hennar val om å gjera det aleine, gleda over å bli gravid, sorgen over å mista eit barn, og hennar veg vidare. I samtale med Øystein Kausrud vil ho fortelje oss om to vanskelege og tabubelagte tema; valet om å bli mor aleine og sorga over å miste eit barn. Fastlege ved Moster legekontor, Kaja Leknes Lied vil også delta i samtalen for å snakke om oppfølging av forelde som kjem i same situasjon som Liv Marie. Her er lenke til podkasten de kan høyre for å bli meir kjend med Liv Marie og med temaet. Arrangementet er gratis.