Bilete av demonstrasjonstog i Iran

Kvinner i Iran og besøk av Amnesty

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Kva er situasjonen for kvinner i Iran i dag? Gjennom media har me fått følgje utviklinga i Iran etter at Mahsa Amini døde i moralpolitiet si varetekt i midten av september i fjor. Det har vore demonstrasjonar i gatene og i følgje menneskeretts organisasjonar har fleire hundre blitt drepne som følgje av demonstrasjonane.

Onsdag 1. februar kl. 18.00 får me besøk av Maria Azar og Awa Rahimpour som i samtale med Jane Jünger vil fortelja deira historie frå landet dei vaks opp i. Awa sitt i mottak på Stord, og ventar på svar på si klage etter at hennar asylsøknad vart avslått. Hennar situasjon har skapt stort engasjement, og gruppa Awa United vart danna. Dette er ei gruppe som jobbar for at Awa og 22 andre iranske kvinner skal få hjelp til å få opphald i Noreg. Maria er godt etablert på Bømlo men har framleis familie i Iran. Ho har tatt initiativ til å få i gang ein lokal Amnesty avdeling her, så Amnesty vil også delta denne kvelden og vil mellom anna fortelje om deira arbeid i Iran. Me håper mange vil delta denne kvelden for å få eit djupare innblikk i situasjonen i Iran. Arrangementet er gratis.