Kostymeverkstad
Laurdag 25. mars det karneval på Svortland! I samband med dette arrangerer me og Bømlo Storsenter Kostymeverkstad onsdag 22. mars kl 16-19 i hovudbiblioteket. Her kan ein få hjelp og tips til korleis du kan fikse, utbetre og justere på eit kostyme ein har. Eva Hodnefjell og Martha Kristensen står i bresjen for kreative løysingar og gode råd. Same dag vert også kostymebyttedag for barn som me hadde i januar. Ta med eit heilt og reint kostyme, så kan du få bytta til deg eit nytt. Velkommen til ein kreativ og berekraftig ettermiddag hos oss!