Bilete av kostymer

Kostymeverkstad og kostymebytte

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Torsdag 26. oktober kl 16-19 er det igjen kostymeverkstad og kostymebyttedag i biblioteket. Her kan ein få hjelp og tips til korleis du kan fikse, utbetre og justere på eit kostyme ein har. Eva Hodnefjell, Elisabeth Bogen og Martha Kristensen står i bresjen for kreative løysingar og gode råd. Men å sy heilt nytt kostyme har me ikkje kapasitet til. Same dag vert også kostymebyttedag for barn som tidlegare. Målet med dette er at ein kan bytte til seg kostyme i staden for berre kjøpa. Ta med eit heilt og reint kostyme, så kan du kanskje få bytta til deg eit nytt.

Velkommen!