Bilete av plakat for kostymeverkstad

Kostymeverkstad og kostymebytte

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Laurdag 13. april er det karneval på Svortland! I samband med dette arrangerer me igjen kostymeverkstad og kostymebytte hos oss torsdag 11. april kl 17.00-18.30. Her kan ein få hjelp og tips til korleis du kan fikse, utbetre og justere på eit kostyme ein har. Eva Hodnefjell og Martha Kristensen står i bresjen for kreative løysningar og gode råd. Men å sy heilt nytt kostyme har me ikkje kapasitet til. Same dag vert også kostymebyttedag for barn som tidlegare. Målet med dette er at ein kan bytte til seg kostyme i staden for berre kjøpa. Ta med eit heilt og reint kostyme, så kan du kanskje få bytta til deg eit nytt. Velkommen til ein kreativ og berekraftig ettermiddag hos oss!