Bilete av globusar i barneavdelinga

Korleis leggje til rette for kulturarbeidsplassar på Bømlo

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Tysdag 26. september inviterer Bømlo kommune til panelsamtale i Bømlo folkebibliotek.

Bømlo kommune er ein god og levande kulturkommune med mange aktørar innan frivillig, privat og offentleg sektor. Kommunen er no i ferd med å utarbeide ein kulturplan for dei neste åra, der tilrettelegging og fokus på kulturarbeidsplassar er eit sentralt tema.

For å lage ein god plan treng me kunnskap og innspel og inviterer til temamøte om det profesjonell kulturlivet. Bømlo har mange ressurspersonar som heilt eller delvis får si inntekt frå kulturnæring. Korleis kan kommunen på ein enno betre måte leggje til rette for dette?

Panelet vil bestå av: Ragnfrid Sønstabø, Bjørn Håvard Bjørklund, Nina Ingvaldsen, Øystein Lund Olafsen og Eva Hodnefjell. Samtalen vert leia av Jane Jünger. Me oppmodar publikum til å komme med innspel til samtalen.

Velkommen!