
Juleverkstad
Laurdag 2. desember kl 11-13 vert det juleverkstad i biblioteket. Her kan du laga julepynt og komma i julestemning saman med gode hjelparar frå Bømlo Husflidslag og Frivilligsentralen. Det er mykje som skjer på Svortland denne dagen; opning av pepperkakeby, tenning av julegran, marknad, julegateopning, nissetog og mykje meir.
Juleverkstaden er eit samarbeid mellom biblioteket, Frivilligsentralen og Bømlo Husflidslag.
Velkommen!