
Juleverkstad
Laurdag 30. november kl 11-13 vert det juleverkstad i biblioteket. Her kan du laga julepynt og komma i julestemning saman med gode hjelparar.
Born under 9 år må ha med seg ein vaksen.
Juleverkstaden er eit samarbeid mellom Bømlo folkebibliotek, Bømlo frivilligsentral, Bømlo hobbylag og Bømlo Husflidslag.
Velkommen!