Jordvern og maten vår i ei uroleg verd
Tysdag 24. mars kl. 18 inviterer Jordvern Bømlo og Bømlo folkebibliotek til foredrag med forfattar Anders Nordstad.
I ei tid prega av konflikt, klimaendringar og aukande press på naturressursane, er trygg matforsyning viktigare enn nokon gong. Jordvern handlar ikkje berre om å ta vare på matjorda – det handlar om å sikre livsgrunnlaget vårt, beredskap for framtida og moglegheita til å produsere norsk mat i møte med ei meir ustabil verd.
Anders Nordstad vil i dette foredraget belyse kvifor jordvern er heilt avgjerande, kva truslar vi står overfor, og korleis gode val i dag kan gi tryggare matforsyning i morgon. Han løftar blikket både lokalt og globalt, og peiker på korleis vi saman kan verne om matjorda og sørgje for at komande generasjonar har tilgang på trygg, berekraftig mat.
Kjøp billettar her på: bomlokultuhus.no
Velkommen!
