Bilete av forfattar Selma Lønning Aarø

Forfattarbesøk: Selma Lønning Aarø

Dato

Tid

Stad

Bømlo kulturhus Kulturhuskaféen

Fredag 24. januar er me så heldige å få besøk av forfattaren frå Stord, Selma Lønning Aarø. Her får vi i hovudsak høyre om hennar siste og kritikarroste roman Feliz Navidad, boka som fekk terningkast 5 i både Bergens Tidene, Dagbladet og VG.

Feliz Navidad er ein sår, men like fullt morosam roman om det å vera kvinne midt i livet, om hormonelle tenåringsbarn, ein svikefull ektemann og ei mor som forsvinn. Ikkje minst handlar den om kven vi blir når det verkeleg røyner på.

Bokbadet vil vera i Kulturhuskaféen i Bømlo kulturhus med servering og dørene opnar kl 20.00.

Billetter kjøper du her på bomlokulturhus.no

Me ynskjer dykk hjarteleg velkommen til årets fyrste forfattarbesøk!