Bilete av Anita Østerbø

Forfattarbesøk: Anita Østerbø

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Torsdag 15. februar kl 18.00 kjem Anita Østerbø, forfattaren av «Skammens mødre» og «Tatt av sviket» til Bømlo folkebibliotek.

Østerbø har skrive historia om si hardtarbeidande aleinemor som trass fordømming, skam og tøffe kår valde å behalde dottera ho fekk i 1956. Ho ville heidre si mor og andre aleinemødrene som vart sett ned på då dei fekk barn utanfor ekteskap. Historia har grepe mange lesarar som ikkje har visst kor gale det var for desse kvinnene på 50 og 60-talet, og kva konsekvensane kunne bli for dei barna som vart plassert på barneheim eller adoptert bort.

Anita er tidlegare lærar, vaks opp i Bergen og bur no på Tysnes. Bøkene har ho gitt ut på eiget forlag og begge har seld særs godt.

Velkommen til forfattarmøte i hovudbiblioteket.

Arrangementet er gratis.