Bilete av lesarar

Djuplesing – eit pusterom

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Lengtar du etter ro til å lese – utan digitale distraksjonar?

No har du sjansen! Måndag 19. januar onsdag 18. februar og tysdag 10. mars kl. 18–20 inviterer me til djuplesing i biblioteket. Her kan du sitje heilt i fred i våre flotte lokale og berre lese – utan mobil, skjermar eller forstyrringar.

Til den fyrste djuplesingskvelden i år tilbyr me romanen Doggerland av Agnes Ravatn. Du kan ta med noko anna å lese om du vil det.

Påmelding: Send e-post til bibliotek@bomlo.kommune.no og det er gratis.

Arrangementet er støtta av Bibliotekutvikling Vestland.

Velkommen!