Bilete busstur i advent

Busstur i advent

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

I adventstida for nøyaktig 60 år sidan tok ein underleg køyredoning ut på ei eventyrleg reise gjennom 12 land, frå Norge, gjennom Europa, Midtausten, via India til det vesle fjellandet Nepal.

Tre familiar, 6 vaksne og 6 barn blei rista saman i ein heimelaga bubil i 5 veker og 11.000 km. Eit av barna som var med var den gong 6 år gamle Magne Raknes. Han kjem på biblioteket med ei bildeforteljing frå turen medan faren Albert Raknes sine dagboknotatar kastar lys over den unike adventsreisa.

Velkommen til eit historisk og spanande foredrag hos oss.

Arrangementet er gratis.