Bilete av forfattar og bokomslag

Boklansering med Solveig Johanne Grønstøl

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Det gleder oss å halde boklansering av Solveig Johanne Grønstøl si nye bok Det lettar snart onsdag 8. november kl 18.00.  Det vil bli ein samtale med forfattaren og me får høyra utdrag frå hennar nye bok.

Dikta i Det lettar snart utforskar relasjonar og plukkar opp kjensler, stemningar og fargar i mellommenneskelege forhold, i natur og landskap, og set desse opp mot kvarandre og sidan av kvarandre. «Ho kan kunsten å romma livet og setja konsise ord på det useielege». Det er den raude tråden i det som vert sagt om dikta til Solveig Johanne Grønstøl. Poesien hennar har dei seinare åra funne veg til fleire utgjevingar, både antologiar og fagbøker, og vert brukt i gravferder, vigslar, i behandling og rehabilitering av slagpasientar for å nemna noko. Ho har også gitt ut ein CD med eigen musikk, og skrive poesi for scenekunst i samarbeid med internasjonalt anerkjende aktørar. No kjem ho med si tredje bok, Det lettar snart, som er nydeleg illustrert med eigne foto. Björk Bjarkadottir står for den vakre utforminga.

Solveig Johanne Grønstøl er utdanna pedagog, er oppvaksen i Ytre Nordfjord og Sunnhordland, og har hjarta sitt djupt forankra i det vestnorske landskapet. No bur ho på Bømlo.

Velkommen til boklansering i biblioteket. Arrangementet er gratis.