Bilete av Bjørn Sortland, Elsa Aanensen og bokomslag

Boklansering med Bjørn Sortland – “Moster iz da thing”

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

2024 markerar tusen år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster. Onsdag 10.januar opnar vi jubileumsåret med ei lansering av barneboka «Moster iz da thing» på Bømlo folkebibliotek. Her vil det bli heldt ein introduksjon av dagleg leiar Elsa Aanensen om innhaldet i jubileumsåret og programmet framover i 2024. Ho vil også halde ei samtale med forfattar Bjørn Sortand om prosessen rundt boka, og kva denne hendinga for tusan år sidan eigentleg betyr for oss i dag. Under lanseringa vil det også bli heldt eit kunstnarleg innslag frå Bømlo Kulturskule. I etterkant vil det vere mogleg å kjøpe boka, samt signering av Bjørn Sortland. Velkommen skal de vere til lansering og start på ei nasjonal feiring!

«Moster iz da thing» er ei humoristisk og informativ bok skrive av Bjørn Sortland som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024. Boka er lettlest og gøy – trass i viking-vald, kamp, kjærleik og daud. I tillegg til historiske fakta, gir Sortland og den oppdikta skalden Sivert lesaren eit større perspektiv på vår nasjonale og lokalehistoriske kulturarv, og viser til kvifor vi kan sjå på denne hendinga som ein viktig del av samfunnsutviklinga for tusen år sidan – ikkje minst starten på demokratiet i Noreg.