Bilete av Oddgeir Bruaset

Forfattarbesøk – Oddgeir Bruaset

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Mannen bak kameraet.

Torsdag 29. oktober kl. 19.00 er vi så heldige å få besøk av Oddgeir Bruaset, mannen bak «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I boka «Vegen som vart min» fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.

Vi får eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.

Bruaset har i over førti år samla folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.

Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett her på bomlokulturhus.no eller i skranken.

Mot slutten av kvelden kan ein få kjøpt signerte bøker av Bruaset.

Velkommen til forfattarbesøk i biblioteket.