Pokémontreff i biblioteket
Måndag 24. august startar eit nytt tilbod i biblioteket i samarbeid med Bømlo TCG. Kl. 16-17 kvar måndag kan pokémon entusiastar møtast i biblioteket for å bytte kort og for å dyrke hobbyen sin. Me håper dette kan bli en ny kjekk møteplass for ungdom. Ta med ein ven og møt andre som har same interesse som deg. Velkommen!
