Bilete av skrivesaker

Skrivestove

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Me fortsett med skrivestove til husten!

Etter ein tidligare skriveverkstad med Solveig Johanne Grønstøl i, kom det fram eit ynskje om å starte ei skrivestove i biblioteket – ein uformell møteplass der vi kan skrive saman, dele tekstar og inspirere kvarandre.

Korleis fungerer det?

  • Deltakarane styrer sjølve opplegget.
  • Du kan bruke metodar frå verkstaden med Solveig eller andre teknikkar du likar.
  • Vi legg fram bøker med ulike skriveopplegg som du kan hente inspirasjon frå. + kaffi sjølvsagt.

Når møtast vi?

  • Siste torsdag i månaden, kl. 18.00–20.00 i biblioteket.  (27.08 – 24.09 – 29.10 – 26.11)

Målet er å skape eit levande miljø for skriving – og kanskje få til fleire spanande arrangement saman etter kvart!

Spørsmål og påmelding gjerast til bibliotek@bomlo.kommune.no.

Velkommen!