Bilete av Captein Frodo

Sommarlesfest – Captein Frodos magiske sirkus

Dato

Tid

Stad

Bømlo kulturhus, Storsalen

Captain Frodos Magiske Sirkus – ein morosam og magisk framsyning for barn og familiar! Her blir det trylling, sirkuskunstar og mykje latter – med spennande publikumsdeltaking undervegs. Captain Frodo viser korleis fantasi og kreativitet kan gjere det umoglege mogleg, og oppmuntrar barna til å tru på eigne draumar og idear.

Sirkusdirektøren er verdsartisten Captain Frodo, som jobbar delar av året i Las Vegas med Cirque du Soleil, og er kjend frå Dyreparkens Sirkus Jesper. Frodo presenterer ekte underhaldning for ekte folk og familiar på jakt etter morosame opplevingar med mykje hjarte.

Før Captein Frodo slepp til vert det trukke ein vinnar av ei valfri bok frå biblioteket til ein sommarlesar i salen, og ein til ein vaksen deltakar på lesebingoen.

Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett på kulturhuset eller på bomlokulturhus.no. Om barnet treng fylgje, så må den vaksne også ta ut billett. Tenk på at det er mange som vil delta, så ta kun ut billett om du skal nytta den.  Sommarlesfesten er for dei som har delteke på sommarles.

Trykk HER for å ta ut billett.

Velkommen til årets sommarlesfest!