Litterært pusterom
Velkommen til Litterært pusterom i Moster amfi.
Litterært pusterom (Shared Reading) er ei roleg og inkluderande form for sosial lesing der vi les korte tekstar i lag med rom for å kjenna etter og dela tankar undervegs.
Poet og bibliotekar ved Stord bibliotek, Matthew James Haw, les høgt to tekstar (ei novelle og eit dikt) medan du lyttar, følgjer med og, om du vil, deltek i samtalen om det vi nett har lese. Du treng ikkje førebu noko på førehand, og det er heilt lov å berre lytta.
Shared Reading skaper eit rom der litteraturen får tid til å synka inn, og der ulike perspektiv får koma fram. Det handlar ikkje om å tolka «rett», men om å kjenna etter kva teksten gjer med oss.
Arrangemnetet er gratis, men send påmelding til bibliotek@bomlo.kommune.no
Velkommen!
