Bilete av Anna Birgitte og Kenneth

Kenneth Sivertsen – eit lite stykke Bømlo

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Måndag 13. oktober kl. 18 inviterer Bømlo folkebibliotek og venelaget Remembering Kenneth til foredraget Kenneth Sivertsen – eit lite stykke Bømlo med Anna Birgitte Solberg Høyland. Ho tek utgangspunkt i hennar bacheloroppgåve om Sivertsen som ho har fullført ved musikkonservatoriet i Aarhus.

Dette seier ho om kvifor ho valde nettopp dette til si oppgåve:

Bachelorprosjektet mitt, Kenneth Sivertsen – eit lite stykke Bømlo, går ut på å vere med til å spreie Kenneth Sivertsen sin musikk. Det har eg valt å gjere fordi eg syns det er viktig å ta vare på min eigen kulturarv og sørgje for at den fortset å blomstre. Det er òg fordi eg trur Sivertsen sin musikk kan vere med på å byggje identitet på øya Bømlo, som både Sivertsen og eg er frå. Dette kan vere med til å skape ei tilhøyrsle, ei tilhøyrsle eg trur Sivertsen sjølv kjente mykje på, som er viktig då eg trur det gjer at me tar betre vare på dei små lokalsamfunna.

Anna Birgitte er tidlegare elev ved Bømlo kulturskule og fekk Kenneth Sivertsen-prisen i 2024. Ho tek no ein master i klassisk trompet ved musikkonservatoriet i Aarhus.

Arrangementet er gratis.

Velkommen.