Belsvik og Bruaset kjem til Bømlo folkebibliotek

I haust får me besøk av både Oddgeir Bruaset og Rune Belsvik i hovudbiblioteket. Torsdag 29. oktobker kl. 19 kjem Oddgeir Bruaset. I boka «Vegen som vart min» fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.

Torsdag 5. november kl. 18 kjem Rune Belsvik til oss. I samtale med Øystein Kausrud frå biblioteket vil me høyre om hans forfattarskap og særskilt om boka og teaterframsyninga «Verdas mest forelska par» som Bømlo Teater har premiere på fredag 13. november. Me vil også få møte regissør Maria Grindheim og kanskje det dukkar opp nokre karakterar frå framsyninga i løpet av kvelden?

Begge arrangementa er gratis men ein på ta ut billett på bomlokulturhus.no.

Velkommen!