Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles! Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med og er for alle!
På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Fordi barna er under 15 år, treng dei samtykke frå ein føresett for å kunne delta. Barna må av same grunn registrere seg med e-post adressa til en føresett.
Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga «Farlege skurkestrekar» som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.
Også i år har me Lesebingo for ungdom og vaksne. Det er ikkje berre barn som treng og lese meir, det gjeld like mykje, om ikkje meir oss vaksne. Bli med barna og finn gleda og roa ved lesing i sommar. Skjema får du hos oss i biblioteket.
Bli med på årets Sommarles!

