Norsk bibliotekstransport (NBT), dei som har levert bøker mellom biblioteka, har gått konkurs. Grunna dette vil det i ein periode framover ikkje vere mogleg å låne bøker frå andre bibliotek. Det vert jobba med ein løysning.
Kva betyr dette for deg?
- Bøker som allereie er bestilt vil ikkje bli levert eller bli forsinka.
- Lånarar kan heller ikkje sjølv bestille bøker frå andre bibliotek via Biblioteksøk.
- Ved bestilling av fagbøker/lærebøker må studenten sjølv ta kontakt med lærestad.
Utlån av våre eigne bøker i våre bibliotek på Bømlo går som normalt.
Me beklagar ulempa dette medfører. Har du spørsmål, så ta kontakt med oss i skranken, på telefon 53 42 35 00 eller på e-post til bibliotek@bomlo.kommune.no
