Verdsdagen for psykisk helse

I samband med Verdsdagen for psykisk helse vil Bømlo kommune halde fleire arrangement, og biblioteket er medarrangør på nokon av dei.

  • Tysdag 30. september kl. 18 i biblioteket: Kvifor er det så vanskeleg? Ein samtale om menn og mental helse. Med Øyvind Johnsen, Øystein Kausrud, Per Erik Kjønli og Karl Magnus Tollaksvik.
  • Torsdag 2. oktober kl. 19.15 i kommunestyresalen: Søvn – kvifor treng med timane på puta? Med Kaja Leknes Lied.
  • Tysdag 14.10 kl. 18 i litlesalen, Bømlo kulturhus: Skjermbruk. Med Øivind Johansen og Anne Marit Særsten Halvorsen.
  • Onsdag 15.10 kl. 18 i kommunestyresalen. Kva ønskjer ungdommar seg frå foreldra sine? Med John Henrik Staveland-Sæter og Alis Natterøy
  • Torsdag 16.10 på Strandnellik/Bøtun 3: Stress og belastingar. Med Elin Pedersen, Marie R. Haldorsen og Marit S. Habbestad
  • Larudag 18.10 kl. 19 i Bømlo kulturhus: Konsert med Tobias Sten – for unge mellom 13-23 år. Presentasjon av resultata frå workshopane i prosjektet Me høyrer te