Bokomslag, Vakkert av Jon Fosse

Vakkert

Mannen kjem heim til ei vestlandsbygd ved fjorden på sommarferie. Med seg har han Kvinna og Jenta (kona og dottera). Dei skal vera heile sommaren hjå Mora hans. Ved naustet møter dei Den andre mannen, barndomsvenen til Mannen som har blitt verande i bygda. Dei mimrar om oppveksten, men noko har skjedd mellom dei som dei ikkje snakkar om. Og skjer det noko mellom venen og Kona? Brått bestemmer dei seg for å reise heim, medan Jenta som har forelska seg i Guten som bur i bygda, blir att. I Fosse sin tekst er det alt som ikkje blir sagt som bygger opp spenningar og som det til eit humoristisk, melankolsk og vakkert stykke.

Vakkert er eit skodespel av Jon Fosse som hadde urpremiere i 2001.

Omtalen er skrive av Øystein på Bømlo folkebibliotet

Kategorier: 
Boktips