Ønsk meg heller en god tur
- Forfattar:
- Alf van der Hagen
Heilt sidan Ambjørnsen sin debut i 1981 har han skrive fram karakterar som står på kanten eller på utsida av samfunnet, karakterar prega av angst og psykisk uro, rus og einsemd. Med varme og humor har han skrive om venskap, utanforskap, solidaritet og sterke naturopplevingar, og bøkene hans har blitt høgt elska av både unge og vaksen lesarar. Alf van der Hagen si samtaleboka er det nærmaste me kjem ein sjølvbiografi frå Ingvar Ambjørnsen, som i dag er alvorleg sjuk. Gjennom ni lange kveldar og netter i Hamburg har han fortalt frå sitt forfattarskap og sitt liv. Eit god innblikk i ein stor forfattar sitt liv.
Omtalen er skrive av Øystein på Bømlo folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips