Mikeo danser
- Forfattar:
- Mariko Miyata-Jancey
- Illustratør:
- Skinkeape
Endeleg er sommarferien over, for det betyr at dansetimane startar opp att. Mieko gler seg, men føler seg ikkje komfortabel lenger i dei trange dansekleda og det lange, utemmelege håret. Med støtte frå mamma og storesyster blir det ein full stilendring. Aldri før har Mieko snurra så lett og hoppa så høgt. Ho kjenner seg fri, og smilet til Sofia gjer ho varm i magen. Likevel blir ho usikker når ho blir plassert i hoppegruppa, der det berre er gutar.
I denne hjartevarme boka blir det stilt spørsmål kring identitet og kva som er forventa av dei ulike kjønnsrollene – dei uskrive reglane det ikkje alltid er lett å navigere seg gjennom. Skal dette vere styrande for den me skal vere, eller er det mogleg å finne sin eigen variasjon og motet til å leva det ut?
Boka er vinnar av Kulturdepartementet sin Bildebokpris 2023.
Omtalen er skrive av Anita på Bømlo folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til barn