Feliz Navidad
- Forfattar:
- Selma Lønning Aarø
Feliz Navidad handlar om Saga og hennar familie som reiser til Spania med pinnekjøtt og julekuler i kofferten, med ynskje om den perfekte julefeiringa. Eller, Saga sitt ynskje om den perfekte julefeiringa. I reisefølgje har ho med seg sin mann, hormonelle tenåringsbarn, sin far og si demente mor. Draumen går raskt i knas då fleire hendingar er med på å endre livet til familien totalt.
I boka går det morosame og vonde hand i hand. Det er ei sorg i å gradvis miste mor si. Dette skapar vonde men også absurde, morosame situasjonar, og eg synest Selma skildrar begge deler på ein særs god måte. Livets utfordingar tek oss, og nokon gongar kan det bli litt for mange på ein gong. Korleis handterer Saga alle dei som kjem til ho? Boka er sterkt anbefalt av underteikna.
Omtalen er skrive av Øystein på Bømlo folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne