Bokomslag A good girls guide to murder

A good girl´s guide to murder

For fem år sidan blei Andie Bell drepen. Ho blei drepen av Sal Singh. Politiet veit han gjorde det. Alle veit han gjorde det. Men Pippa Fitz-Amobi er ikkje sikker. Derfor bestemmer ho seg for å gjera akkurat denne saka til sitt siste skuleprosjekt. Ho finn ut meir og meir om saka. Men om den ekta mordaren fortsett er der, kor langt vil dei gå for å halde Pippa frå sanninga?

Ei spanande krimbok som held deg lurande heilt til slutt.

Omtalen er skrive av Savannah, praksiselev hos Bømlo folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til ungdom