Bilete av Peter Hermansen

Temakveld: Eit tidsbilete frå krigen

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Onsdag 14. mai er me så heldige å få besøk av Johanna Seim Hjelland med forteljinga om sin far, Peter Hermansen.

Peter Hermansen frå Lykling på Bømlo var prostiprest i Sunnhordland då han vart arrestert av tysk politi i 1942. Han sat i mange ulike fengsel på veg til fangeleiren Sachenhausen i Tyskland. Det første var fengselet på Stord. Ut frå ein svært spesiell grunn vart han sett fri før krigen var slutt. Dotter hans; Johanna Seim Hjelland, (fødd på frigjeringsdagen 1946) fortel om faren og hans familie si krigshistorie.

Dette vert arrangert i samband med 80-års markeringa av frigjeringsdagen.

Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett her på bomlokulturhus.no.

Velkommen.