Sommarlesfest

Dato

Tid

Stad

Bømlo kulturhus

Tysdag 10. september kl 16.00 inviterer Bømlo folkebibliotek til Sommarlesfest i storsalen i Bømlo kulturhus for alle som har vore med på Sommarles! Her får me besøk av vitenskapsartist Roe Lauvås som vil gi oss eit forrykande vitenshow! Me vil trekke vinnaren av Sommarlesbingo for vaksne og det vert trekt 10 heldige vinnarar av kinobillettar, gitt av Bømlo kulturhus. Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett på kulturhuset eller her på bomlokulturhus.no. Om barnet treng fylgje, så må den vaksne også ta ut billett. Tenk på at det er mange som vil delta, så ta kun ut billett om du skal nytta den. Trykk her for billettar.

Her er meir om vitenshowet: Kan såpebobler brenne? Kan menneske bade i minus 196 grader? Kan vattenflasker fungere som flammekastar? Og kva i alle dagar er ein badeball-eksplosjon? Bli med når Roe, nok ein gong, blander vitenskap og galskap i det fartsfylte vitenshowet «ET SUPER AWESOME VITENSHOW». Med spektakulære eksperimenter og ein god dose humor er dette underhaldning for heile familien.

Roe Lauvås er ein leiken naturfaglærar, programleiar og vitenskapsartist. Han har eit brennande engasjement for inspirerande realfagsundervisning og ønskjer å vekke nysgjerrigheita hos både barn og vaksne. Roe har skapt ein rekke vitenshow og står mellom anna bak den kritikarroste vitenskapsmusikalen «Vilde Vite og Halemysteriet», Noregs fyrste vitenskapsmusikal. Dei siste åra har Roe blant annet opprådt som programleiar i «Forsker Grand Prix» på NRK og turnert rundt om i Noreg med sine populære vitenshow.

Målgruppe: Fra 6 til rundt 106 år.