Bilete av Espen A. Jacobsen

Forfattarbesøk av Espen A. Jacobsen. Vestlandsfjordane – verdas vakraste reisemål

Dato

Tid

Stad

Bømlo folkebibliotek

Onsdag 19. april er me så heldige å få besøk av forfattar Espen A. Jacobsen som skal fortelje oss om boka si «Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål».

Langs Vestlandsfjordane, mellom innland og storhav, står opplevingane og inntrykk i kø: Frå fossar og stup til sydlandske laguner. Frå byliv til gardsbesøk med freistande smaksprøver. Frå helleristningar til spennande industrihistorie.

Her er berømte, klassiske reisemål, men også bortegjømte idyllar som er ukjente for dei fleste. Me kan nyte fantastisk utsikt frå stiar og fjelltoppar, men like gjerne frå vegkanten, langs Noregs vakraste og mest innhaldsrike køyrestrekningar. Og som folk før oss har gjort i fleire tusen år: Me kan reisa på fjorden. Blant opplevingane som ventar finns også ugløymelege båt- og ferjereiser.

Espen A. Jacobsen har bl. a. også skrevet «Kystferie i Norge – fra Bergen til Kirkenes» (2021). Han har også bidrege som fotograf til ei rekke andre bøker.

Espen tek gjerne imot spørsmål og innspill frå publikum i løpet av besøket.

Kom å bli inspirert for nye reisemål i vår vakre landsdel.

Arrangementet er gratis.

Bilete av bokomslag til Vestlandsfjordene - verdens vakreste reisemål