Plakat av Skogprinsessa

Eventyr i Parken – Skogsprinsessa. Vandreteater til Kurebu

Dato

Tid

Stad

Goddo til Kurebu

Laurdag 30. september inviterer teatergruppa Eventyr i Parken til vandreteater frå Goddestraumen til Kurebu. Framsyninga spelast både kl 12 og kl 15 og varer i ca 1,5 timer (varierar utifrå turforholda og alder på publikum), og passer for barn frå 3-9 år. Oppmøte er ved Goddestraumen bru 10 minutt før framsyning. Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billettar på førehand då det er plass til maks 30 publikummarar pr framsyning. Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!

Billettar tas ut på: bomlolulturhus.no

Om framsyninga:

Skogen treng hjelp, er du den rette? Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik går alt rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning, noko ho har øvd på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Ryktar og vonde tankar spreiar seg i skogen, kor kjem dette mørkeret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men ser den treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Kle deg og dine for ver og vind. Det kan vere lurt å ha med litt å drikke og ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei minste. Vi kan kome til å bevege oss i noko ulendt terreng- ein må difor vere stødig til fots. Vi kan også anbefale å ta med sitjeunderlag. Barnevogn er ikkje mogleg å ha med, vi anbefala beremeis. Hunder er ikkje tillete.

Framsyninga er eit samarbeid med Barnas turlag Bømlo og Bømlo folkebibliotek.