Datahjelp for alle
Datahjelp for alle er i hovudbiblioteket frå kl. 12.00-14.00 kvar torsdag fram til 15. juni. Dette er eit “kom-innom” tilbod så du treng ikkje å avtale time. Her tilbyr me hjelp til:
- å opprette din eigen e-post
- å finne fram på Bømlo kommune si heimeside
- bruk av biblioteket digitalt
- bruk av helsenorge.no
Me vil også forsøke å hjelpe med andre datarelaterte spørsmål.
Du kan låne PC hos oss, men ta gjerne med eigen maskin, nettbrett eller smarttelefon. Hugs å ta med påloggingsinformasjon som BankID eller MinID. Tilbodet er eit samarbeid mellom Bømlo kommune og Bømlo folkebibliotek. Velkommen!