Forfattarar frå Tysnes

Johannes Heggland (1919-2008)

Johannes Heggland er ein gigant i Sunnhordlandslitteraturen, med ein enorm litterær produksjon beståande av kring 70 romanar, bøker for born og ungdom og sogespel som vert framført mange stader. I tillegg publiserte han fleire større historiske verk, forutan at han var aktiv både som lokalpolitikar og i fleire kulturpolitiske organisasjonar, m.a. som ordførar på Tysnes i to periodar og som formann i Den norske forfattarforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfattarforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend.
Sjølv om det ikkje er så mange år sidan han døydde, vert han gjerne rekna til «dei tre store» i Sunnhordlandslitteraturen, i lag med Jens Tvedt og Ragnvald Vaage. Frå debuten i 1941 og fram til han døydde i 2008 kunne Johannes Heggland sjå tilbake på ein enorm produksjon. «Eg tvilar sterkt på at nokon har skrive så mange skjønnlitterære bøker, men det finst somme som nærmar seg. Det har ikkje vore noko mål å skriva mange bøker. For meg verkar det som eg byrja i går. Det er ingen slitasje. Tvert om,» fortalde han i ein samtale med Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid 1998.
Johannes Heggland debuterte i 1941 med romanen «Folk under fjell», som straks vart lagt merke til. Utetter 1940- og 1950-åra strøymde det på med romanar som befesta hans posisjon som ein av dei fremste nynorskforfattarane.
Ein kan kanskje dela forfattarskapen hans inn i fleire delar. I den første perioden, frå 1941 til 1962, kom det ein straum av romanar som heile tida var i utvikling og vann ein stadig større lesarkrins, med romanane «Gabriel» (1969) og «Rusdøler» (1971) som dei mest kjende. Stilen er tett og kjapp, samstundes som den er solid forankra i den breie episke og realistiske tradisjonen. Språkleg ligg forteljinga kvardagsspråket nær, med eit vell av personar, handlingar og detaljar.
Frå 1962 skifta forfattarskapen hans karakter. Då debuterte han som barnebokforfattar med «Folket i dei kvite båtane», samstundes som han også tok til å arbeida med fleire historiske verk. Fram til 1980 kom det ei rekkje bøker for born og ungdom, som regel med handling henta frå historiske hendingar, frå dei tidlegaste tider og fram til 1800-talet. Barnebøkene «Folket i dei kvite båtane» og «Den forfylgde» (1970) er òg dramatisert som høyrespel for NRK Lørdagsbarnetimen. Som lokalhistorikar skreiv han Tysnes-soga i to band utetter 1970-talet.
På byrjinga av 1980-talet fekk forfattarskapen hans «ein ny giv», med det første bandet i dei fire bøkene med den felles tittelen «Brødet frå havet». Med det kom ei fornya interesse for den litterære produksjonen til Johannes Heggland. Suksessen vart følgd opp med tre bands-serien «Seglet og vinden» og ei rekkje enkeltståande romanar som alle fekk særs mykje merksemd. Ei rekkje av bøkene gjekk i store opplag i Tyskland. Samstundes  tok han til å skriva sogespel, omlag ti i talet, som alle vart store suksessar, særleg det såkalla Mostra-spelet som vert oppført årleg.
I 2001, i ein alder av over åtti år, tok Johannes Heggland fatt på det mest amibisiøse romanprosjektet i sin karriere, serien «Tusen vårar» som var meint å koma i ti band, eitt band for kvart hundreår sidan kristninga av landet, med Sunnhordland si historie som bakteppe. Det ville i så fall blitt eit av dei aller største romanprosjekta i norsk litteratur. Johannes Heggland arbeidde med det sjuande bandet i serien då han døydde, innpå 90 år gammal. Det sjette og siste bandet som vart gjeve ut kom nokre veker etter hans død.
15. juni 2005 vart det kunngjort frå Slottet at Johannes Heggland var utnemd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.

 

Sigbjørn Heie (1945)

Sigbjørn Heie  har markert seg som ein fin lyrikar med ei sterk lokal tilknyting. Det er ikkje vanskeleg å kjenna att det lokale landskapet i tekstane hans – Heiebygda i Uggdal. Samstundes har han også gjeve ut ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker som jamnt over har fått gode kritikkar.

I ein periode frå 1978 var Sigbjørn Heie redaktør i Norsk Barneblad, men har elles verka som lærar i ungdomsskulen det meste av sitt yrkesaktive liv – på Frekhaug i Meland kommune.

Heie debuterte i 1972 med diktsamlinga «Bilete». Dikta hans er gjerne oftast stillferdig naturlyrikk, t.d. «Stillferdig landskap» (1976), «Du drøymer draumen din» (1978), «Dogg» (1986) og «I solregn opnar andletet seg» (1993). Ein kan knapt kalla Heie for å høyra til dei mest høgrøysta i norsk litteratur. Prosaen hans har såleis (kanskje noko urettvist) fått meir merksemd enn lyrikken, ikkje minst romanen «Saftig salig sommar» (1982) som vekte mykje rabalder då ho kom ut, då noko av innhaldet fekk Johannes Heggland til å reagera. Novellesamlingene har elles mykje av den same vâre stemninga som lyrikken – som i «Eple i måneskin» (1977). Mykje av dei same vare stemningane frå natur og kjensleliv finn ein att i barnebøkene, som i «Sommaren det hende» (1976) og «Stjerner i åkeren» (1987). Han var også medforfattar til Sommerset-serien – ein nynorsk krimserie for ungdom på 13 bøker, som kom ut i åra 1982–87.

Sigbjørn Heie har i tillegg hatt ei rekkje artiklar på trykk i antologiar og tidsskrift, og har skrive litteraturkritikk for ulike aviser og blad. I 1997 gav Samlaget ut Dikt i utval 1972-1997.

 

Ingelin Røssland (1976)

Ingelin Røssland vaks opp på Onarheim, og er dotter til søstera til Sigbjørn Heie. Sidan debuten i 1998 med «Viss du vil» har ho gjort ein nærast kometaktig karriere som ungdomsbokforfattar og vunne ei rekkje prisar. Sentrale tema i bøkene hennar er tilhøvet til foreldre og vener, og det å finna seg sjølv i ei verd som fortonar seg som kaotisk og framandsleg. Fleire av bøkene krinsar kring rus, sex og vald, både mot seg sjølv og andre, på ein temmeleg direkte måte.

Dei tre første bøkene hennar – «Viss du vil» (1998) «Kunsten å inhalera» (2001) og «Flyt» (2002) – handlar om den 16 år gamle Anette, og vart gjevne ut som samleutgåve i 2009. For den fjerde boka si, «Handgranateple» (2006), fekk ho tildelt både Sunnmørsprisen og UPrisen – og ikkje nok med det, men i 2008 kom boka på IBBY Honour List. I mellomtida, i 2007, hadde ho fått Sigmund Skard-stipendet og Guro Sandsdalens litteraturpris.
Men det er kanskje for trilogien om Engel Winge – «Englefjes» (2008), «Englejakt» (2009) og «Engleslakt» (2010) – at ho har vunne mest popularitet mellom eit større lesande publikum. Bøkene handlar om den tøffe journalistspira og bråkmakaren Engel Winge -«queen of fucking everything» – som løyser kriminalsaker på heimstaden Tysnes, m.a. som journalist i lokalavisa «Tysnes». Det var i nett denne avisa at Ingelin Røssland sjølv starta sin skrivande karriere.
I tillegg til forfattarkarrieren har Ingelin Røssland vore aktiv på fleire andre felt. Ho er utdanna skodespelar ved Bergen Teaterskole, og innan journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda. Frå 2003 til utgangen av 2007 var ho tilsett i NRK, der ho jobba med det populærvitskaplege tv-programmet Newton på NRK1. Ho har også arbeidd som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Frå 2009 har ho vore busett Södermalm i Stockholm.
I 2012 debuterte ho med vaksenromanen «Kirsebærsnø» som tek utgangspunkt i eit ikkje heilt ukjend plot – ein framandkar kjem til gards, og erotiske kjensler vert vekt til live. For denne boka fekk ho gode kritikkar.

 

Gerhard Stoltz (1948)

Gerhard Stoltz  debuterte først som forfattar, men valde snart å konsentrera seg om biletkunst. Han høyrer i dag til mellom dei fremste kunstnarane i landet. I dei fleste bøkene hans går tekst og illustrasjonar side om side, anten det er barnebøker, diktsamlingar eller fabulerande bøker. Gerhard Stoltz har også illustrert fleire av Einar Økland sine utgjevingar.
Sjølv om Gerhard Stoltz er bergensar, er det ikkje feil å rekna han som ein Tysnes-forfattar. Han flytta til Tysnes med familien i 1988, og har sidan den gongen skrive dei fleste bøkene sine her. Etter debuten med “Tre bidrag til myten omkring prinsesse Ira von Fürstenberg” i 1970, og den påfølgande boka  “Aclahuasi : Peru” året etter, la han pennen vekk i mange år. Først i 1990 kom det ei ordentleg bok att, og frå no av kom det ei ny bok mest årvisst.
Det er ikkje lett å setja ein merkelapp på Gerhard Stoltz, korkje som kunstnar eller forfattar. Bileta hans er særprega, og bokproduksjonen hans kan vel knapt seiast å følgja straumdraga i tida. Ein kan trygt seia at han er ein forfattar med si eiga røyst, og ein «framand fugl» både mellom forfattarane frå Tysnes og i norsk samtidslitteratur elles – og det er ikkje negativt meint! Gerhard Stoltz er eit spennande og unikt bekjentskap.

 

Andre forfattarar

Frå Tysnes har kome nokre forfattarar med færre bokutgjevingar bak seg. Til gjengjeld er Claus Pavels Riis (1826-1886) som i ei årrekkje var busett på Nymark på Tysnes opphavsmann til ei av dei aller mest kjende visene i Noreg – det var nemleg her ved Onarheimsfjorden at han skreiv teksten til songen «Anne Knutsdotter». Thomas Hermansen (1853-1903) vaks opp som sonen til handelsmannen i Gjersvik ved Våge og gav i 1887 ut ei relativt nærgåande skildring av miljøet i bygda, i boka «Bygdeliv».
Trygve Lande (f. 1935) er kanskje den minst kjende av nolevande forfattarar frå Tysnes. Med ein produksjon på to utgjevingar – diktsamlinga «Mose» (1976) og romanen «Arthur Bredal 1959» (1977) – er det kanskje ikkje så rart at han har gått noko i gløymeboka for folk flest, men det tyder ikkje det same som at bøkene er av ringare kvalitet. Tvert om, ein kan undra seg over kvifor det aldri kom meir frå Lande si hand. Her er opplagt ein forfattarskap som vart avslutta altfor tidleg. Til slutt skal nemnast Knut Rage (f. 1952), opphavleg frå Stavanger og sidan 1998 biblioteksjef i Tysnes. Han debuterte som lyrikar med samlinga «Ei kvit stille» i 1997, og har også med nokre dikt i antologien «Sentimental» (2005), men har først og fremst jobba med lokalhistorie.

 

(Tekst: Knut Rage)