Forfattarar frå Sveio

Einar Økland (1940)

Einar Økland vaks opp på Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han har heilt sidan debuten vore ein sentral skikkelse i norsk samtidslitteratur, ikkje berre som skjønnlitterær forfattar, men også som essayist og medlem av den såkalla Profil-krinsen på 1960-talet. Forfattarskapen hans er mangslungen, og han har vore innom dei fleste sjangerar: humor, ironi, burleske innfall, stilistisk mangfald og språklege eksperiment pregar den skjønnlitterære verksemda hans.  Forutan skjønnlitteratur og essayistikk har Økland også gjeve ut bøker om kunst og kunstnarar og kulturhistoriske objekt.
Saman med forfattarkollegene Tor Obrestad, Kjell Askildsen, Bjørn Nilsen, Dag Solstad og Arnljot Eggen var Økland ein av grunnleggjarane av Norsk Forfattersentrum i 1968.
Den første utgjevinga hans var prosaboka «Svart i det grøne» (1967), ei samling noveller. Boka vart etterfølgd av fleire eksperimentelle prosaprosjekt. «Amatør-album» (1969) er ei særeigen blanding av minnebok, diktbok og «punktroman». Økland heldt fram med å skriva sjangeroverskridande tekstar i samlinga «Gullalder» (1972), og romanane «Galskap» (1971) og «Stille stunder» (1974). Med desse nyskapande bøkene plasserte han seg raskt som eit av dei heitaste namna i litteraturen på 1970-talet. Han har såleis også skrive skodespel.
Barnebøkene var like nyskapande. Den første barneboka bestod av lyrikk, «Du er så rar» (1973). Av andre titlar kan nemnast «Snakk med dr. Ost» (1977), «Mellom himmel og jord» (1986) og «Pennen den blå» (1992). Som barnebokforfattar har han mottatt ei rekkje prisar for sine barne- og biletbøker, som omfattar både noveller, epistlar og dikt.
Som poet omtalar han gjerne diktsamlingane sine som «folkeminne»:  «Bronsehesten» (1975), «Romantikk» (1979), «Blå roser» (1983), «Når ikkje anna er sagt (1991), «Heile tida heile tida» (1994), «Krattet på badet» (2006). Uttrykksmåten er på den eine sida enkel og folkeleg, men med ein vev av assosiasjonar og stikk og utfall mot all mogleg slags maktspråk og inngrodde vaneforestillingar.
For mange er Einar Økland like kjend essayist. Dei mange essaya og artiklane hans er samla i «Skrivefrukter» (1979), «Nå igjen» (1982), «Måne over Valestrand» (1989), «I staden for roman eller humor» (1993) og «Frå helling via hylling til halling» (1997).
Mykje ære og merksemd har vore Einar Økland til del opp gjennom åra. I 1992 var han festspeldiktar ved De Litterære Festspill i Bergen. Han fekk Aschehougprisen 1988, Doblougprisen 2000 og Gyldendalprisen 2006.

 

 

(Tekst: Knut Rage)