Forfattarar frå Stord

På sett og vis har Stord, som «hovudstaden» i Sunnhordlandsriket, vore utgangspunktet for mykje av det som har skjedd kring Sunnhordlandslitteraturen. Det er t.d. her dei fleste større litterære arrangementa har funne stad, sjølv om tyngdepunktet dei aller seinaste åra kanskje har flytta seg noko over til litteraturfestivalen på Bergslagen i Kvinnherad. Men «alle» Sunnhordlandsforfattarar har vore innom Stord – og kanskje vel så det.

Rune Belsvik (1956)

Kven kjenner ikkje Dustefjerten, Bollefisen og Kavringreven i det underleg nære landet ved bekken – frå radioen, lese av forfattaren sjølv? Det er gjerne for desse fantasifigurane, som også vaksne set pris på å høyra om, at Rune Belsvik har vorte mest kjend for eit breiare publikum.
Dei seks bøkene om Dustefjerten og venene hans kom ut i åra 1991-2003 og har vorte ein langvarig suksess, både i radio, i bokform og som lydbøker – og også som barneopera.
Rune Belsvik vaks opp på Stord. Han har i heile si tid som forfattar vore ein leiande skikkelse i norsk barne- og ungdomslitteratur, og har stundom hausta storm frå foreldrehald. Debutboka «Ingen drittunge lenger» (1979) vekte sterke foreldreprotestar då ho gjekk som opplesingsserie i NRK. Gryande seksualitet og ungdomsforelsking har vore eit tema i fleire av bøkene hans, m.a. i dei fire bøkene om Arne Bu – «Alle dei fine jentene» (1988), «Kjærleiken er eit filmtriks» (1992), «På nippet» (1995) og «Ein naken gut» (2000) som fekk Brageprisen. I «Tjuven» (2008) er det små borns seksualitet det handlar om, og nok ein gong vart det bråk og høg temperatur i debatten kring boka.
Det er ikkje berre born og ungdom Belsvik har skrive for, forfattarskapen hans omfattar også vaksen skjønnlitteratur og tekstar for amatørteater.
Rune Belsvik har fått ei rekkje prisar for sin litterære innsats, m.a. Kritikarprisen 1997, Kulturdepartementets litteraturpris 1994,
Nynorsk barnelitteraturpris 1993, Noregs Mållags litteraturpris 1980 og 1993, Cappelen-prisen 1987 og Melsom-prisen 1983.

 

Atle Hansen (1954)

Atle Hansen er velkjend for dei fleste sunnhordlendingar, som journalist, visesongar og forfattar. Han er fødd 1954 på Moster og skulle såleis kanskje vore plassert under Bømlo, men etter den tidvis noko selsomme logikken som me opererer med på denne nettsida vert han

teken med under Stord. Det skulle berre mangla, ettersom han er ein av dei sunnhordlandske personlegdommane som automatisk vert sett i samband med det kulturelle mangfaldet på Vikjo.
Debuten kom i 1997 med barneboka «Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill». Fem år seinare gav han ut sin første bok for vaksne, «Sargasso». Kritikkane var jamnt over gode. Boka vart følgd opp med oppvekstromanen «Som ein engel (2005)». Det er likevel for dei etter kvart mange spenningsbøkene for born og unge han er mest kjend, som «Det kvite pulveret» (2006), «Skatten i Skutevika» og «Den svarte oksen» (2009). Vaksenboka «Syng meg heim» frå 2012 er hans siste roman.

 

Selma Lønning Aarø (1972)

Selma Lønning Aarø vaks opp på Stord. Ho debuterte i 1995 med romanen «Den endelige historien», som gjekk av med førsteprisen i Cappelens konkurranse om beste debutroman. Med det var også mykje av tematikken for dei seinare bøkene hennar fastsett – debutromanen handla om ei frigjort kvinnes erotiske eventyr, med ein viss porsjon humor. Ei form for frigjering kombinert med beisk humor er det også i boka «Jeg kommer snart» (2013), som handlar om ei kvinne som stengjer seg inne på soverommet med diverse seksuelle hjelpemiddel og nektar å koma ut att før ho har fått orgasme.

Gjennombrotet kom med romanen «Vill ni åka mera?» (2003), som handlar om kjærleik og erkjenning. I boka får lesaren fortald kjærleikshistoria om Berg og den blinde David, som kjenner henne betre enn ho kjenner seg sjølv – ei kvinne som har gøymt seg bort hos ein blind mann for å sleppa å sjå seg sjølv. Humor og parodi boblar under overflata i romanen «En rekke avbrutte forsøk» (2007), som er ein slags parodi over bruken av sjølvbiografisk stoff. «Venstre hånd over høyre skulder» (2008) handlar om kjærleik og smerte – også den skrive med både humor og alvor.
Kritikarane har stort sett vore særs positive til bokproduksjonen hennar. Forutan vaksenbøkene har det kome to bøker for born og ungdom – «Fortvilet kreps ’72» (2005) og «Reidar og den store magen» 2007. Selma Lønning Aarø er også ein kjend spaltist frå m.a. Dagbladet og Klassekampen.

 

Per Jan Ingebrigtsen (1946)

Per Jan Ingebrigtsen er fødd og oppvaksen på Stord, der han framleis bur. Han arbeidar som lærar på  Stord vidaregåande skule med drama, norsk og samfunnsfag i fagkrinsen. Og det er nett drama som er stikkordet – Ingebrigtsen har jobba mykje med drama for ungdom, både som forfattar og instruktør. I periodar har han jobba som teaterinstruktør på heiltid, som oftast med base i Bergen. Nokre av skodespela hans er kome ut i bokform, og nokre er omsett til svensk og engelsk. Han debuterte som poet med diktsamlinga «Rotbløyte» i 1975, og har seinare skrive både dikt og bøker for born og ungdom, både eigne utgjevingar og i antologiar. Debuten som dramatikar kom i 1988, med stykket «Skyldig» som hadde premiere på  Blax Box Teater, Store Scene, Aker Brygge i Oslo og seinare vart vist på Vestlandsturné. Deretter fulgte rockemusikalen «Sumproser» i 1991 på Stord kulturhus. Seinare kom fleire andre stykke for scenen. Hans hittil siste oppførte stykke er «Rødt lys» i 2006, som vart sett opp på Ole Bull Scene i Bergen, og seinare ei rekkje andre stader. Totalt vart stykket synt for om lag 100 000 menneske, og kom også i bokform. Tema er trafikk og miljø. Det vart følgd opp med boka «Blått lys!» i 2011. Per Jan Ingebrigtsen har også gjort seg gjeldande som tekstforfattar på eit snes album, med m.a. Kenneth Sivertsen.

 

Roald Kaldestad (1972 )

Roald Kaldestad  er son til Per Olav Kaldestad, og er både musikar og forfattar. Dei fleste ungar kjenner Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, Reven Ruben og Polkagrisen.  Dei to første går framleis som høyrespel på NRK Super.

 

Anna R. Folkestad (1983)

Ei anna fin barnebokforfattar frå Stord er Anna R. Folkestad, som debuterte med boka «Henrik And» i 2011. Etter det har det kome tre bøker om Unni og Gunni.  For Unni og Gunni reiser fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for 2012. Les meir om Anna og figurane hennar på hennar eiga heimeside.

 

Kristine Tofte

Kristine Tofte er  busett på Stord. Ho debuterte i 2009 med fantasyromanen «Song for Eirabu – Slaget på Vigrid». Tre år seinare kom bok nummer to, «Song for Eirabu – Vargtid». Med desse bøkene har ho skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader.
For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte. (Forlaget si omtale av bok 1, «Slaget på Vigrid».)
Kristine Tofte er utdanna psykolog og ein velkjend bloggar. Bloggen hennar finn  du her.

 

Andre forfattarar

Relativt mange forfattarar har budd på Stord, fast eller i periodar av livet. Ikkje alle kan omtalast her, men av eldre forfattarar vil me spesielt nemna tre. Jean Føyen (1878 – 1942) var forfattar av fanteslekt. Han vart fødd i Stord hjelpefengsel som son av to omstreifarar og adoptert bort eit par månader etter fødselen. Som vaksen livnærte han seg som skribent og bokmeldar i Kristiania. Då han og kona døydde, vart alt dei eigde testamentert til Stord kommune. Stord folkebibliotek har ei eiga avdeling med boksamlinga hans og hans eigne skrifter.
Lars Eskeland (1867–1942) var skulemann, fødd på Stord. Han gav ut ei rekkje ulike skrifter, både talar, innlegg i blad og aviser, og frittståande verk. Han gav også ut lærebøker og fleire biografiar, mellom anna om Ole Vig og Ivar Aasen. Han skreiv teksten til «Vossasongen», og var elles ein markant personlegdom på Stord. Torborg Nedreaas (1906-1987) budde på Stord under krigen og eit par år seinare. Her skreiv ho sin mest kjende roman, «Av måneskinn gror det ingenting» (1947). Tema som vart omhandla var abort, kvinnesak og arbeidsforhold ved fabrikkane.

 

(Tekst: Knut Rage)