Forfattarar frå Kvinnherad

Frå Kvinnherad kjem ei lang rekkje forfattarar der nokre må seiast å høyra til «A-laget» i norsk litteratur – ingen nemnd, ingen gløymd. Det kan kanskje diskuterast om Ragnar Hovland, som er fødd i Bergen, kan reknast med i denne flokken, men ettersom han budde her i fleire produktive år tek me han med her. Frå Kvinnherad kjem også nokre av dei aller eldste namna i den nynorske skriftkulturen.

Jens Tvedt (1857-1935)

Jens Tvedt (1857-1935) vart fødd i Omvikdalen og debuterte i 1885 med novellesamlinga «Inn i fjordarne».  I åra som følgde kom det ein jamn straum av bøker, samstundes som Jens Tvedt arbeidde som lærar og seinare bibliotekar i Stavanger. Bøkene hans er prega av ein lun forteljarmåte, og skildringane er breitt anlagt, med utgangspunkt i den levande tradisjonen i heimbygda. Det er såleis gjerne Vestlandsbøndene og deira kår som dannar bakteppet og ofte er tekne på kornet i bøker som «Vanheppa» (1891) og framhaldet «Brite-Per» (1895), samt «Godmenne» (1893). Ein finn også ein makalaus komikk i forteljinga om «Madli und» Apalen» (1900), som fekk eit framhald med «Guds Løn» (1906).
Bøkene til Jens Tvedt vart godt mottekne av lesarane, sjølv om kritikarane var noko lunkne til særleg dei seinare bøkene hans. I 1912 fekk Jens Tvedt kunstnarløn. Ein byste av Tvedt,  utført av S. Kyllingstad, vart avduka utanfor det dåverande biblioteket i Stavanger i 1932.

 

Ragnvald Vaage (1889-1966)

Ragnvald Vaage vart fødd og budde mest heile sitt liv på Våge på Sunde i Kvinnherad, der han dreiv gard attåt skrivinga. Seksten år gammal tok han seg arbeid i Bergen, og drog seinare på sildefiske. I 1906-1907 gjekk han to år på Voss folkehøgskule, før han drog til Jæren og lærte seg jord- og hagebruk. I 1912 drog han til Tyskland og arbeidde som gartnar på ein stor gard, samstundes som han noko seinare tok utdanning på Askov Højskole i Danmark. Utdanninga og reisene danna grunnlaget for hans seinare verksemd som ein samfunnsengasjert folketalar med røter i Hordaland Ungdomslag.

Mellom debuten i 1912 og til den siste boka kom ut i 1965 skreiv Ragnvald Vaage 20 bøker – sju diktsamlingar, barnebøker, romanar, fortellingar og noveller. I dag vert han nok hugsa best for barnebøkene, særleg «Gutane paa Tedneholmen» (1923) som var den første barneboka han skreiv. Hovudpersonen er den 12 år gamle Torvall, som slit med å riva seg laus frå barndommen og tre inn i vaksenlivet i eit trangt bygdemiljø. Freistnaden på å byggja sin eigen båt mislukkast. I bøkene «Den forunderlege vegen» (1949) og «Den gode sumaren» (1955) er det sin eigen barndom han krinsar om. Bøkene hans har gjerne ein god moral, med eit nært tilhøve til Gud.
Ståle Kyllingstad laga ein statue av Ragnvald Vaage som vart avduka ved brua på Sunde i 1979. Lars Amund Vaage har sagt om farfaren at han var «ein stillferdig og smilande mann som skreiv triste bøker”.  Komponisten Knut Vaage er også eit barnebarn av Ragvald Vaage. Knut Vaage har sett melodi til fleire av bestefaren sine dikt.

 

Lars Amund Vaage (1952)

foto: forlaget Oktober

Lars Amund Vaage vaks opp på Sunde i Kvinnherad. Han debuterte i 1979 med den sosialrealistiske soldatromanen «Øvelse Kald Vinter». Den neste boka, «Fager kveldssol smiler» (1982) var meir eksperimentell i forma og vart eit litterært gjennombrot. Sidan då har det følgd ei lang rekkje barnebøker, lyrikk og romanar, gjerne med eit poetisk språk.

Særleg kan nemnast kunstnarromanen «Rubato» (1995), som han han fekk  Kritikarprisen for. I boka «Den framande byen. Ein roman om Wilhelm Reich» (1999) gjer han ein freistnad på å sjå Reich frå vrangen. Nemnast må også «Kunsten å gå» (2002) og  «Utanfor institusjonen» (2006), ei urovekkjande skildring av livet på ein psykiatrisk institusjon.
Lars Amund Vaage har også skrive skodespelet «Baronen» (1987), som har vore oppført årleg på Baroniet i Rosendal.
For forfattarskapen sin har Lars Amund Vaage fått fleire prisar, mellom dei Brageprisen i 2012. Han har også vore Festspeldiktar under Festspillene i Bergen 2001 og festspeldikter ved Dei Nynorske Festspela i 2008.

 

Hans Sande (1946)

Hans Sande (født i Bergen) har skrive kanskje nokre av dei mest sprelske bøkene som har kome frå Sunnhordland, iallfall frå Kvinnherad. Hans Sande er psykiater og arbeidde i mange år som lege på Valen sjukehus, og har også gjort seg gjeldande som kunstnar. Sande vart lagt merke til allereie som debutant, då han fekk Tarjei Vesaas´ debutantpris for lyrikkboka «Strime». Sidan har det kome kring 40 bøker, både romanar og diktsamlinger, men aller mest bøker for born og ungdom der han ofte «tek det heilt ut» med sine oppfinnsamme fabuleringar. Fleire av bøkene har han illustrert sjølv.

Ta turen innom heimesida til Hans Sande og la deg inspirera!

Per Olav Kaldestad (1947)

foto: forfattarkatalogen

Per Olav Kaldestad vaks opp på Husnes og debuterte som lyrikar i 1973 med samlinga «Kikkert». Forfattarskapen hans spennar vidt, frå barnebøker til gammalengelske sonettar og ramsalt krim. Litterært er det gjerne likevel i tematisk sett moderne dikt som er skrivne i bundne, ofte klassiske strofeformer at Kaldestad peikar seg ut som ein diktar av rang, det gjer han også som gjendiktar av poetar som  D. H. Lawrence, W. H. Auden og William Shakespeares «Sonettar og songar» (2002).

Dei fleste vil setja Kaldestad i samband med barnelitteratur – både hans eigne barnebøker og som redaktør for Årboka Litteratur for barn og unge. Nemnast må også reisebøkene han har skrive i lag med Dag Helleve og Ragnar Hovland, og essays om litteratur som er samla i bøkene «Glade bodskapar» (1987) og «Den nye lyrikken» (1996).
Per Olav Kaldestad har i tillegg til forfattarskapen også lagt ned ein stor innsats i forskjellige litterære organisasjonar og foreningar, m.a. som styreleiar i NBU frå 1996 til 1998, styreleiar i Nettverket Ord & Bilde frå 1999 til 2010, og som sitjande styreleiar i Norsk Forfattarsentrum (frå 2011).

 

Anne Karin Fonneland (1956)

Anne Karin Fonneland er frå Sunde, der ho også bur i dag. Til dagleg underviser ho i norsk og samfunnsfag ved Kvinnherad vidaregåande skule.
I 1996 debuterte ho med diktsamlinga «Marmormjølk», der eit gjennomgåande tema er menneskesinnet som kjem på kollisjonskurs med utanforliggjande krefter. Seinare har ho følgd opp med fleire lyrikksamlingar som alle har hausta gode kritikkar. I tekstane hennar handlar det ofte om dei grunnleggjande kåra i menneskelivet, der det vert gjeve ord til det ordlause. I «Kvit, og som vind» (2004) skriv ho dikt om alderdom i den siste livsfasen på institusjon. Nemnast må også «Stemma mi er her» (2008), som inneheld dikt og bilete frå baroniet i Rosendal, men med eit vidare perspektiv.
Fonneland har også skrive og medverka til bøker for born, i antologiane «Heltane er mette» (1996) og året etter i «Under påskemånen». I 1998 kom oppfølgjaren «Sju-ni-tretten», om ei klasse på sju elevar som no skal få ein ny elev.

 

Tor Arve Røssland (1971)

Tor Arve Røssland vaks opp på Husnes og er i dag busett på Halhjem i Os. Han skriv for born og ungdom. Barnebøkene hans har fått eit stort publikum. Han debuterte i 1999 med «Pode», som har vorte følgd opp med tre snodige bøker til, alle illustrert av Øyvind Torseter. Også dei tre bøkene i grøssarserien Svarte-Mathilde har vorte svært populære.
Også ungdom set pris på bøkene hans, som spenningsbøkene «Gamer» (2011), «Snatch» og «Soledad» (begge 2014), som alle tek opp i seg element av trivialkultur som ungdom er fortrulege med – musikk, filmar, bøker og ikkje minst  dataspel. For boka «Gamer» fekk han i 2012 prisen Ordknappen.

 

Geir Olav Jørgensen (1971)

Geir Olav Jørgensen vaks opp på Husnes, men har sidan den tid reist mykje rundt i verda, m.a. som gatemusikant og fløytist i eit band. Han debuterte i 2006 med romanen «Mono», der mykje av tematikken for forfattarskapen hans vert sett – det handlar om samfunnet sett nedanfrå, om outsidarar og folk som lever i skuggen, bokstaveleg tala. Underlege bøker, men samstundes solid planta i ein norsk, realistisk tradisjon.
I boka «Høgare enn sola» (2013) er det visse sjølvbiografiske trekk. Eg-personen vender tilbake til heimlandet etter ei lang reise. Med seg har han ein amerikanar og ein israelar. Dei finn eit tomt hus i skogen der dei slår seg ned, og her opnar dei ein pose med sinnsekspanderande rusmiddel …  Den litterære stilen i Jørgensen sine bøker er gjerne korthogd prosa, knapp men likevel pregnant.

 

Ragnar Hovland (1952)

Ragnar Hovland  er utan tvil ein av «gigantane» i Sunnhordlandslitteraturen i nyare tid – og truleg den einaste ein kan kalla kultforfattar. Ved fleire høve har Hovland omtala seg sjølv som ein «all round-vestlending», og det er såleis eit spørsmål om han reint geografisk høyrer heime ein bestemt stad. Men ettersom han nokre år hadde fast adresse på Husnes, innlemmer me han mellom dei mange gode forfattarane frå Kvinnherad.

Ragnar Hovland er presteson, fødd i Bergen og med oppvekst i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn før han byrja på gymnas i  Stavanger. I 1970-åra studerte han fransk og litteraturvitskap i Bergen, der han også jobba som medredaktør i tidsskriftet TUN. Frå 1980 til 1984 arbeidde han som lektor på Husnes, før han sidan vart lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, før han  busette seg i Oslo.
Debutromanen «Alltid fleire dagar» i 1979 vekte oppsikt, og i åra som følgde kom suksessbøker på løpande band, som «Vegen smal og porten trang» (1981) og «Sveve over vatna» (1982) – som ganske raskt etablerte Hovland som ein kultforfattar og gav han ein lesarkrins langt utover det som var vanleg for ein yngre nynorskforfattar. Stilen var ironisk, melankolsk og sentimental, men kanskje først og fremst slentrande og tørrvittig, og fekk nokre til å setja merkelappen «vestlandssurrealisme» på den litterære produksjonen hans.
Det kunne kanskje ha stoppa der, men det gjorde det ikkje. I dag kan Ragnar Hovland sjå tilbake på ein mangfaldig produksjon i dei fleste sjangrar, omlag førti bøker alt i alt – romanar, noveller, kortprosa, dramatikk, essays, dikt, artiklar, gjendiktingar, reiseskildringar, kriminalromanar, fagbøker, dikt og romanar for born og ungdom, i tillegg til mange omsetjingar, både frå fransk, engelsk og tysk. Hovland har også skrive for film, kabaretar og fjernsynsseriar, og har vore med på innspelinga av fleire album, m.a. i bandet Dei nye kapellanane. Ei rekkje av titlane har vore prisbelønte og kritikarrosa, og fleire romanar har vore hovudbøker i diverse bokklubbar.
Sjølv deler Hovland gjerne forfattarskapen sin i to – «rock’n roll”-delen, med halv- og heilgalne vestlendingar i dei fleste roller, og den meir dempa og sofistikerte “nouvelle vague”-delen, der personane gjerne vert styrte av krefter og hendingar dei ikkje rår over sjølv. Felles for begge delar er usikre einstøingar som råkar ut for relativt burleske, for ikkje å seia vanvittige hendingar på sin veg med bil og ferje på smale vestlandsvegar, der dei støtar på dei mest utrulege folk. Referansane til popkultur og klassikarar er mange, frå beat-poetar til Mark Twain, Donald, Hardy-gutane og Bibelen, popsongar og filmscenar, alt slikt som flyt i bakhovudet på folk, særleg hos Hovland sine figurar.
Ei rekkje av bøkene er blitt moderne klassikarar. Det gjeld særleg miljøet og persongalleriet i romanane «Sveve over vatna» (1982), «Paradis» (1991) og «Dr. Munks testamente» (1996), men også krimparodiar som «Utanfor sesongen» (1988).
Også som barnebokforfattar har Ragnar Hovland gjort suksess. Særleg kan nemnast brageprisvinnaren «Ein motorsykkel i natta» (1992) og «Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét pappkartongen» (1993). Nemnast må også «Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville» (lyrikk for born og ungdom, 1996).
Til 20 års-jubileet som forfattar gav Hovland ut mursteinen «Åleine i Alpane. 20 bøker» med tjue nyskrivne tekstar i dei fleste sjangrar. Ragnar Hovland er framleis aktiv som forfattar. Den seinaste boka hans er «Frå Ragnar til alle» – Samlagets hovudkonsulent Ragnar Hovlands interne e-post offentleggjord!

 

Andre forfattarar

Kvinnherad har også nokre lokale røyster som har sett sitt preg på bygdalivet, både til kvardag og fest. Humoristen Arne Torget (f. 1966) frå Husnes har fått mange til å smila av tekstane hans. Gjennom åra har han vorte husvarm husdiktar i både Kvinnheringen, Sunnhordland og Grenda, og nokre bokutgjevingar har det også blitt. Helga Storedale Tjønn (f. 1935) har skrive verdfulle bidrag til den tradisjonelle forteljartradisjonen gjennom minne frå barndommen i boka ««På Sinai fjell i Blåplommedalen og andre forteljingar» (2000), der ho også har teke godt vare på utdøyande dialektuttrykk frå Mauranger og Ølve i Kvinnherad. Marit Elisebet Totland (f. 1957) flytta til Kvinnherad etter ein karriere som ordførar på Bømlo 1995 til 1997, då ho fekk ny jobb som statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i den første Bondevik-regjeringa. Ho var direktør ved Valen sjukehus frå 2001 til 2003, og har vore medlem av kommunestyret i Kvinnherad sidan 2007. Sidan 2000 har ho gjeve ut fleire bøker på lokale forlag, både lokalhistorie og ein roman frå seglskutetida.

 

 

(Tekst: Knut Rage)